Ein partner du kan stola på

Me tilbyr rekneskap, lønn, fakturering, årsoppgjer og rådgjeving – levert av autoriserte og pålitelege fagfolk.

Med Parata får du tryggleik, kvalitet og støtte i det daglege arbeidet.

Om Parata AS
Parata AS er eit rekneskapskontor etablert i 2007, lokalisert i Årdal i Vestland fylke.

Selskapet tilbyr tenester innan rekneskap, bokføring og rådgjeving, og har som føremål å støtte verksemder med økonomistyring og finansiell rådgjeving.
Skal me ta oss ein prat?
Me bryr oss om verksemda di. Her får du ikkje berre tal og rapportar, men eit ekte engasjement for at du skal lukkast.

Ta gjerne kontakt for ein prat eller eit tilbod.

Rekneskap

Me tek hand om den løpande bokføringa di på ein trygg og effektiv måte. Det omfattar registrering av bilag, avstemming av kontoar, rapportering og innsending av mva-meldingar. Med moderne system og høg kompetanse sørgjer me for at rekneskapen din er oppdatert, korrekt og tilgjengeleg når du treng det.

Lønn

Lønnskøyring krev nøyaktigheit og oversikt. Me handterer alt frå lønnsutbetalingar og rapportering til Altinn, til pensjon, feriepengar og sjukefråvær. Me held deg oppdatert på gjeldande reglar og sikrar at både tilsette og myndigheiter får rett informasjon til rett tid.

Fakturering

Me kan ta over faktureringa for di verksemd, eller bistå med effektive løysingar for å gjere det enklare å sende og følgje opp fakturaer. Me sørgjer for god kontroll på innbetalingar og purringar, slik at du får betre likviditet og mindre tid brukt på oppfølging.

Årsoppgjer

Me utarbeider årsrekneskap, skattemelding og eventuelle aksjonærregisteroppgåver i tråd med gjeldande lover og reglar. Me sikrar at alt blir levert korrekt og i tide, og gir deg eit godt økonomisk oversyn over året som har gått.

Rådgjeving og støtte

Treng du økonomisk rådgjeving, hjelp til budsjettarbeid, val av selskapsform eller støtte i møte med bank og styre? Me er ein trygg sparringspartnar med brei erfaring, og gir råd tilpassa di verksemd og dine mål. Me er tilgjengelege for både små og store spørsmål i kvardagen.

Wenche Clausen

Dagleg leiar

wenche@parata.no

Sølvi Hatlevoll Nundal

Autorisert regnskapsførar

solvi@parata.no

Reidun Myrland

Regnskapskonsulent

reidun@parata.no

Camilla Haug Huun

Autorisert regnskapsfører

camilla@parata.no

Evy Anita Røneid

Rekneskapsførar

evy@parata.no

Anita Tveit Neset

Rekneskapsmedarbeidar

anita@parata.no

REGNSKAP NORGE
Parata er medlem av Regnskap Norge. 

Regnskap Norge er bransjeforeningen for statsautoriserte regnskapsførere.



 post@parata.no

  • Jotunvegen 1, 6884 Øvre Årdal, Noreg
  • 6884 Øvre Årdal
  •  Mandag - Fredag - 08:00-15:00